Evangeliet til jødene
Profetordet til menighetene

«KRISTENSIONIST» SOM SKREMSEL

  Kjell Furnes

Av Kjell Furnes, Valderøy
(tidligere stortingsrepresentant og formann i Ordet og Israel)
 Innlegg i Dagen 7.12.20

«Kristensionist» som skremsel
Eg skal vedgå for biskop Atle Sommerfeldt at eg har ikkje lest verken John Hagee, Tim LaHaye, Jerry B. Jenkis eller Pat Robertson, men eg har gjennom eit langt liv studert min bibel. Eg har også hatt den lukke, heilt frå eg som nittenåring i 1955 gjekk på Bibelskulen i Bergen, å få lytta til god bibelsk forkynning. Også om det temaet som Sommerfeldt no prøver å skremme meg med. Eg las mellom anna Adolf Bjerkreim si bok «Israel og Palestina» (1949) Det er fint i dag å slå opp boka på nytt og sjå at utviklinga har blitt nett slik som Bjerkreim teikna for meg. Og kvifor det? Jau, han heldt seg til Skrifta sitt vitnemål.
 
«Kristensionist» er då det store skremselsomgrepet. Kva er då sionisme? «Store norske leksikon» seier det slik: «Sionisme er opprinnelig betegnelsen på det jødiske folks ønske og håp om å få vende tilbake til sitt gamle hjemland i landet Israel.» Er det då så urovekkjande å slutte seg til eit slikt ynskje? Og er det så dramatisk å ha tillit til Bibelens bodskap der Gud gir ein lovnad, formidla gjennom ei einsidig nådepakt, at Abrahams ætt skulle har rett til Israel (Jødeland) som deira heimland? (1. Mos. 15, 17-18). Nei, dersom eg ikkje fekk tru og kvile i at Gud har to eigedomsfolk, nemleg Guds jordiske paktsfolk, jødane, og Guds himmelske paktsfolk, menigheten, då hadde eg blitt forvirra. Men det er tydeleg at mange framleis forkastar eit slikt bibelsyn.
 
Eg forstår det slik at kyrkja i dei tre første århundrene hadde både syn og plass for Israel som Guds jordiske paktsfolk. Dei var ikkje forkasta av Gud, sjølv om dei i første omgang forkasta Kristus. Dette var vel ei frukt av kyrkjefedrane sitt syn på tusenårsriket. Her kan nemnast biskop Polykarp (69-155), biskop Papias frå same tid, Biskop Justin (100-165) biskop Ireneus (147–202), den kristne filosofen Justin (100 –165), den store teologen Tertullian (160–220), Justin Martyr med fleire.
 
Men så kom det eit klimaskifte. Eit skifte som ikkje minst Eusebius (260–340) hadde medskuld i. Han hadde, ettersom eg forstår, tidligare same syn som dei før nemnde, men skifta standpunkt då keiser Konstatin vart omvendt. Kva var det som hende? Slik eg forstår det, skjedde denne endringa då ein fekk ei samanblanding mellom statleg og kyrkjeleg makt. Og ikkje minst då kyrkja fekk, ja, med stor iver tok imot, verdsleg makt. Dette fekk dramatiske følgjer. Og det fekk også store konsekvensar for det jødiske folk. Jødedomen vart erklært for ei gudlaus sekt.
 
Eg nemnde at Eusebius skifta syn då keisar Konstantin vart omvendt. Det var også andre som skifta syn. Professor Carl Fr. Wisløff skriv om dette: «Origenes hadde en bibeltolkning som mer gikk på ideer enn på historien. En historisk, materiell oppfyllelse av Bibelens profetiske ord var han derfor fremmed for.» Denne forståinga vart sett i system av Augustin. I sitt store verk «Om Guds stat» tok han det standpunkt at «Guds kongedømme» betyr at kyrkja skulle herske på jorda. Det er ikkje vanskeleg å forstå at det ikkje er plass for eit framtidig jordisk eigedomsfolk i ein slik modell.
 
Allereie i år 310 e. Kr. skreiv Eusebius: «Som straff og tukt er det jødiske folk feiet til side, adspredt for alle vinder og som folks slaver. (...) Jerusalem og tempelet er for alle tider utslettet. Jødenes statlige og religiøse ordning er forkastet av Gud, alle positive verdier er overtatt av kirken og staten, og inntil tidenes ende vil dette ikke endres.» Eit slikt bibelsyn breidde seg utover og skulle slå rot i folkeslaga i fleire hundre år. Det var nok ei frukt av dette synet pave Urban II i år 1099 organiserte det første korstog. Han hadde som motto: «Gud vil det». Både dette og dei andre korstoga fekk gjennom åra katastrofale konsekvensar for det jødiske folk. Her gjekk det på trakassering, audmjuking, tvangs-dåp og drap.
 
Atle Sommerfeldt kan sikkert sitere uttrykk og haldningar i denne samanheng som eg ikkje kjenner meg heime i. Men når han, og biskopane med han, brukar «kristensionisme» som eit generelt uttrykk og forkynnar ein skremselsbodskap som dei no gjer, så er dei etter mi meining «på ville vegar». Sommerfeldt skriv: «Kristensionismen representerer et svært tydelig brudd med både luthersk, romersk-katolsk og ortodoks eskatologi som advarer mot å omsette endetids-spekulasjoner til politiske handlingsprogram.» Eg veit ikkje kva han legg i endetids-spekulasjonar, men at det profetiske ord også teiknar for oss eit endetidsbilde burde vere velkjent. Vi kan her ta med den kjende svensk-amerikanske misjonæren Fredrik Franson (1855–1911). Jødane er: «Timeviseren på tidens urskive.» 

Dersom Sommerfeldt meiner at eg som kristensionist, med mitt bibelsyn, er uluthersk, så vil eg seie: Takk og lov! Det er skremmande å lese det Luther sa og skreiv om jødane.

Nei, la oss halde fast på at Gud i sin visdom har etablert to eigedomsfolk, og han har både sin arbeidsplan og frelsesplan med begge desse to folka. Gud vake over dei, og begge skal ein dag få møte sin Herre og Frelsar. Menigheten sin brudgom i skya - og jødane sin konge i Jerusalem. Bruk din Bibel! Sjå på Israel! Sjå på nasjonane! Og du skal ikkje kome på avvegar.